Xtind
Dette arrangementet er ei fin utfordring for alle, og dei fleste ser på det å delta som ei styrkeprøve i seg sjølv. I år vil tindebestigningskonkurransen føregå på Saudehornet og Nivane/Vardehornet ovanfor Ørsta sentrum. Konkurransen byr på krevjande terreng både oppover og nedover i eit av landets flottaste alpine område. Starten går frå X2 Basecamp i Vikeskåla. Løypa går så opp på Vallahalsen og vidare opp ryggen til toppen av Saudehornet. Deretter er det bratt nedkøyring tilbake til veksling i Basecamp, der ein igjen tek på fellar og går til toppen mellom Nivane og Vardehornet, før siste nedkøyring ventar tilbake til målgangen i Basecamp.
For første gong er Xtind i år ikkje ein del av norgescupen i tindebestigning. Dette betyr at det i år hovudsakleg vil vere lokale deltakarar. Vi har derfor ambisjonar om senke terskelen for å delta og lage X2-arrangementet i Vikeskåla til ein folkefest. I Basecamp vil det verte sal av mat og drikke, musikk og kanskje Big jump-konkurranse. Dessutan vil sekretariatet aktivt sekundere Xtind-deltakarane over høgtalaranlegget, slik at publikum får med seg kven som passerer på toppen av Saudehornet og Nivane/Vardehornet.
Xtind solokonkurranse laurdag 14. april
Klasser: - Kvinner
- Yngre herrar (tom. 29 år)
- Herrar (30-49 år)
- Eldre herrar (fom. 50 år)
Premiering: 1. - 2. og 3. premie i alle klasser
Påmelding: Gå inn på www.eksponert.no for førehandspåmelding fram tom. fredag 13. april kl. 12.00. Hugs å ta med kvittering for utlevering av startnummer på parkeringsplassen ved Vasshuset.
Du kan også melde deg på direkte på parkeringsplassen ved Vasshuset mellom kl. 8 og kl. 10 på sjølve konkurransedagen, der du vil få utlevert startnummer.
Pris: 200 kr kontant betaling for å delta i konkurranse. 500 kr for deltaking i konkurransen og Festivalpass med fri entre til konsertar og arrangement på Rokken torsdag, fredag og laurdag.
Utstyr og reglar: Alle deltakarar må gå med randoneeski, telemarkski eller brett på fellar oppover (det kan bli aktuelt å ta ski/brett på sekk delar av vegen) og renne ned utan fellar og ha på sekk, sendar-mottakar og hjelm under heile løpet. I tillegg tilrår vi at ein tek med, spade, søkjestong, drikke, noko å bite i og varme kle. Men det blir ikkje sett krav til at ein tek med spade og søkjestong, sidan vi har Raude Kross og Alpin Redningsgruppe utplassert i terrenget, og sidan nokre kanskje ikkje har denne typen utstyr. Den som først rundar toppen av Saudehornet, vekslinga i Basecamp, topp-punktet mellom Nivane og Vardehornet og kjem seg i mål i Basecamp, har vunne si klasse. Det viktigaste er likevel ikkje å vinne, men å delta i dette flotte arrangementet.
Løparinformasjon: Det vil bli gjeve informasjon om løypetrase og eventuell omleggingar av denne i Basecamp i Vikeskåla kl. 10.30.
Løpsstart: Klokka 11.
